Ukeskurs med Lundqvist Hundeskole bestilt!

Ukeskurs Grunnkurs bestilt! Eg og Tassen dreg saman med Elisabeth og Mocca. Eg gleder meg veldig. Ei heil veke med hund, hund og hund!

Frå sida deira:
Ukeskurs grunnkurs (uke 31, på Austlid fjellstue, Skeikampen)
Vi vet at det er mange som ønsker å gå kurs hos oss, men som ikke har muligheten fordi de bor for langt unna. Men gjennom det nye tilbudet, Ukeskurs grunnkurs, får du nå muligheten likevel!. Dette kurset krever ingen forkunnskaper og passer både for deg som aldri har trent hund før og for deg som har litt erfaring. I løpet av denne uka vil du både få en innføring i helt grunnleggende treningsprinsipper, og vi vil benytte området til litt enkelt søksarbeid, agility m.m. Det er begrenset med plasser på dette kurset, så her gjelder førstemann til mølla!

Ser ut til at vi skal få prøve mykje forskjellig, og lære mykje. Og ikkje minst friske opp kvardagslydigheita!

Ellers så har det vore knallver her i helga, men det vart verre søndag og idag. Var familietreff fredag-laurdag med familien frå Trøndelag

Neste tysdag, altså om omtrent ei veke, er det sommarferie. Sommarferie! Det skal bli herleg. Litt meir trening på Tassen kanskje? Trur eg skal sette nokre mål, slik at det blir litt meir målretta trening. Det er så langt til hundeklubben, så det er vanskeleg å trene med andre hundar og menneske som forstyrrer. Men sommartider så går det jo eindel personar forbi. Kanskje eg kan ta med langlina bort på fjordsenteret eller ein annan plass det er mykje folk og trene litt?

Mamma hadde sett ein Wheaten idag, så eg på kike litt når eg går på skulen imorgon. Såg etter den idag, men såg ikkje noko til den.

Trur det kjem nytt design på sida om ikkje så lenge. Syns det er veldig kjekt å halde på med sånt, så eg kjem vel til å skifte ganske ofte …

Så vart det blogga idag også. Ganske mykje også. Trur eg må bli flinkare til å blogge. Kvar dag, kanskje? No i sommar får eg vel god tid!

Ha ein fin dag!

One Kommentar

  1. Elisabeth
    Posted 17. juni 2008 at 12:27 | Permalink

    Gleder meg veldig! Jeg har fått papirene om oppholdet og skal sende innover. Vi får ei enkel campinghytte for oss selv. Om du vil ha besøk, så har vi en ekstra del med egen inngang og 2-3 senger. Ses! Elisabeth

Post a Kommentar

Your email is never shared. Required fields are marked *

*
*

*
For å bevise at du er smartere enn ett gjennomsnittlig spam-script må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image

trykker.com | Tilfeldig blogg | Login | Få din egen blogg | ^^^
almostidefix.trykker.com/Login