I dag gjekk eg, Tassen, Tone og Jako ein liten tur. Har lagt ut mange bilete i galleriet.
Jako har allereie blitt større, og det er nok ikkje mange vekene før han er større enn Tassen. Vesle Tassen blir liten igjen.
Jako er ein tøff liten fyr, sjølv om han ikkje har heeeilt kontroll over alle bevegelsar enda. Han er fortsatt veldig søt då.
Det var kjempekjekt å gå tur. Gleder meg til Jako blir så stor at han kan gå litt lengre turar då…
Etter turen drog eg og søskenbarnet mitt Eli ned til sentrum der oss kjøpte softis og gjorde mykje snålt, som å leike vikingar (på suvenirbutikken var det sånne fancy sverd og små skjold :P), prøve alt for små crocssko og prøve forskjellige merkelege solbriller. Og alt saman vart tatt bilete var sjølvsagt! Vi finn på mykje snålt ja!
Så hoppa vi litt på trampoline, dissa litt og prøvde ei sånn vippe, før vi drog heim igjen
Post a Comment