Monthly Archives: juli 2008

På laurdag dreg vi!

Endeleg - på laurdag dreg vi på kurs! Ei heil veke med hund, hund og atter hund!
Kurset er arrangert av Lundqvist Hundeskole, og er eit ukeskurs grunnkurs, der vi får prøve enkelt søksarbeid, agility og først og fremst lydigheit. Eg gler meg veldig til å prøve søksarbeidet. Har hatt lyst til å prøve det lenge.
Elisabeth [...]

Tur til Danskehytta

I helga drog eg, mamma, pappa og Tassen på fjelltur. Til Danskehytta i eit døgn. 4 timar opp og omtrent 4 timar nedatt også. Gjekk frå Hamsevika og opp den kortaste vegen.
Eg har vore der ein gong før - på klassetur, og denne kvelden som då, vart det kjempefint lys. Fint å fotografere i.

Tassen måtte [...]

Hyttetur

Eg vart med Tone på hytta frå i går til i dag. Knallvêr begge dagar. Jako var med, men ikkje Tassen.
Første dagen/kvelden koste vi oss på hytta. Grilla, åt jordbær og sjokolade, spelte kort, bada og prata. Dei har ei kjempefin hytte då. Ganske stor, men ikkje for stor, og lys og koseleg, med fin [...]

Tur til Grindalen

I går, etter jobb, gjekk eg, KP og Tassen ein tur til Grindalen. Knallvêr! Litt for varmt i brattaste bakkane, for å vere ærleg. Då var det deilig å bade (les: vasse) i vatnet der oppe. Tassen fekk symje litt:

Tassen syns også det var kjempevarmt! Derfor var det deilig å gni seg på snøflekkane som [...]

Å nei!

Alt for lenge sidan sist post!
Har heilt gløymd av å blogge i nokre dagar eg. Kom plutseleg på det. Og så eg som har vore så flink ei stund også då …
Tassen syns det er topp å ha heile familien samla. Han får turar og kos, og det er vel det viktigaste for han. I går hadde [...]

almostidefix.trykker.comLogg inn