Alt for lenge sidan sist post!
Har heilt gløymd av å blogge i nokre dagar eg. Kom plutseleg på det. Og så eg som har vore så flink ei stund også då …
Tassen syns det er topp å ha heile familien samla. Han får turar og kos, og det er vel det viktigaste for han. I går hadde vi besøk av Tone og Jako, og dei fekk leika seg i hagen. Vi tenkjer det er smart å gjere hundane vandt med å møtes både her og med Tone, i og med at begge er hannhundar.
Håper verkeleg det vil funke mellom dei to. Trist om vi ikkje kunne gå tur ilag når Jako blir større.
Her er nokre bilete:



Kan ikkje alltid sjå like heldig ut på bilete










Oi, det vart visst mange dette …
Eg driv og lærar meg å spele gitar for tida. Sikkert til stor irritasjon for dei fleste her i huset. Inkludert Tassen. Gitaren er nemleg ganske skummel, meiner Tassen. Men det går betre no. Har lært - eller prøver å lære - meg songane Hallelujah (denne har eg prøvd å spele på gitar før då) og Wind of Change. Eg reknar med dykk har høyrd om dei. For dei fleste enkle songar med enkle akkordar, men, eh, for dei fleste ja. Eg er vel unntaket. Heldigvis hjelp det å øve, og det blir betre.
Kjempefint med ferie! Eg jobbar tre gonger i veka og leeengtar etter speilrefleks. Trur eg skal kjøpe brukt. Får meir for pengane på den måten.
Post a Comment