Eg vart med Tone på hytta frå i går til i dag. Knallvêr begge dagar. Jako var med, men ikkje Tassen.
Første dagen/kvelden koste vi oss på hytta. Grilla, åt jordbær og sjokolade, spelte kort, bada og prata. Dei har ei kjempefin hytte då. Ganske stor, men ikkje for stor, og lys og koseleg, med fin “platting” som det kan kvilast på, etast frukost på og dansast på.
Det er så deileg luft på fjellet. Med god lukt av lyng, vatn. Og best av alt: Tilnærma null pollen.

No vart denne posta litt for seint. Lat som om den vart posta i går
Post a Comment