I helga drog eg, mamma, pappa og Tassen på fjelltur. Til Danskehytta i eit døgn. 4 timar opp og omtrent 4 timar nedatt også. Gjekk frå Hamsevika og opp den kortaste vegen.
Eg har vore der ein gong før - på klassetur, og denne kvelden som då, vart det kjempefint lys. Fint å fotografere i.
![]()
Tassen måtte sove i hundehuset. (Saman med pappa - haha), og vere der om kvelden. Han likte det ikkje, men var for det meste stille. Han fekk springe mykje laus rundt hytta, og det likte han godt.
I dag var eg og mamma i Ålesund. Kjøpte stoffbur og mat til Tassen og litt klede. Eg prøveholdt litt kamera, men dei hadde ikkje Olympus-kamera på Elkjøp… Så det vart berre Canon, Nikon og nokre andre det var helde i. Synd. Klipte meg også. Ganske kort og fluffy. Kjempefint
Post a Comment