På laurdag dreg vi!

Endeleg - på laurdag dreg vi på kurs! Ei heil veke med hund, hund og atter hund!

Kurset er arrangert av Lundqvist Hundeskole, og er eit ukeskurs grunnkurs, der vi får prøve enkelt søksarbeid, agility og først og fremst lydigheit. Eg gler meg veldig til å prøve søksarbeidet. Har hatt lyst til å prøve det lenge.

Elisabeth og Mocca kjem i morgon og blir her til laurdag. Laurdag morgon handlar vi litt, for så å reise på formiddagen.

Har kjøpt stoffbur til Tassen. Det er litt mindre enn stålburet og mykje lettare. Dette skal han ha i bilen og på treningar. Har også kjøpt inn godbitar. Karbonade, pølse og leverpostei på tube. Det siste har vi ikkje prøvd før, men har tenktå gi det et forsøk. Sikkert praktisk om det blir regn og vind - hanskevêr.

Kamera blir sjølvsagt med! Skal ta mange bilder kvar dag. Og eit langt blogginnlegg når vi kjem heim sjølvsagt.

Dette blir veldig kjekt. Håper Tassen vil like det også! Tenkjer Mocca har blitt ganske stor no. Blir kjekt å sjå dei igjen.

Eg har blitt berre dårlegare og dårlegare med blogginga i det siste. Og så eg som var så flink da! Men etter kurset blir det ein “ny start”, og då blir det blogging kvar dag! - Håpar eg.

Dreg laurdag 26 og kjem att 2. august.

Post a Comment

Your email is never published nor shared. Required fields are marked *
*
*

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image

almostidefix.trykker.comLogg inn