Litt nytt på heimesida

No har eg laga nytt oppsett på lenkjesida, og lagt til portefølje og “Interessert i nettside?” under webdesign. Sidan eg har gjort så mykje nytt, og også lagt til nye bilete under “hilde” og nye bilete i fotogalleriet, tenkte eg eg skulle blogge også, for å få full pakke.

No er det då endeleg påskeferie, noko som er kjempedeilig! I dag har eg og KP vore på Hole, og der fekk eg tid til å trene ein del med Tikka også. Ho lærer kjempefort, men kan bli litt lett ukonsentrert. Her er det kontakt, kontakt og atter kontakt som må trenast på. Eg introduserte ho også for klikkeren, sjølv om eg har ein følelse av at ho faktisk ikkje forsto den heilt – enda. Av ein eller anna grunn tok Tassen det grunnleggjande med klikkeren mykje kjappare enn BC Tikka.

Tikka er jo aldeles nydeleg, og ho har blitt kjempestor! Eg kan ikkje tru at ho har blitt så gamal allereie, ho var jo akkurat berre kvalpen!

I går var vi på fisketur, men fekk ingenting, dessverre. Tassen tykte det var litt skummelt, men dette plar gå over utover året, det er berre litt uvant den første gongen. Han er jo ofte med i båt sommaren, både på fisketur og når vi skal på tur til ein av dei mange fjellgardane her langs fjorden.

På fredag var eg, Tone og Inga på piknik med Tassen og Jako. Veret var utruleg deilig, med knallblå himmel og strålande sol. Skikkeleg T-skjorte-ver! Først gjekk vi ned i fjøra slik at hundane fekk vasse og springe frå seg. Det såg ut som om dei koste seg skikkeleg! Det gjorde i alle fall vi menneska, som kunne sole oss i det herlege veret. På grunn av litt vind gjekk vi etter kvart til Ballbingen, kor Jako fekk leike litt med fotballen der. Det var stor stas, og Tassen hadde det også kjekt, sjølv om han ikkje er så glad i å leike med ball. Du kan sjå mange bilete i fotogalleriet!

Jako
Som du ser var veret god, og Jako koste seg skikkeleg!

Det er herleg å sjå korleis ting har ordna seg mellom Tassen og Jako. Lause går alt som ein draum, og i band går det betre og betre. Eg var redd det aldri skulle ordne seg, men no går det kjempefint.

Ellers, så nærmar konfirmasjonen min seg med stormskritt. Datoen er sett til 2. mai, tre dagar etter femtenårsdagen min. Eg gleder meg kjempemykje! Det skal bli veldig kjekt å treffe igjen alt av familie, og eg gler meg også til seremonien i Parken Kulturhus i Ålesund. Eg veit ikkje heilt kva eg ønsker meg enda, men pengar, fotoutstyr, klede, sminke og gavekort står høgt på lista.

Hilde.

Post a Kommentar

Your email is never shared. Required fields are marked *

*
*

*
For å bevise at du er smartere enn ett gjennomsnittlig spam-script må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image

trykker.com | Tilfeldig blogg | Login | Få din egen blogg | ^^^
almostidefix.trykker.com/Login