Før helga gjekk eg, Hanne-Siri og Tone ein tur med Tassen og golden retrieveren Jako. Vi gjekk opp til Vinje Camping, der det eit fint inngjerda område der det går an å sleppe hundane. Tassen og Jako er ikkje akkurat bestevenner, men det går ganske bra så lenge dei er lause. Då spring dei rundt og leikar seg, men i band, derimot, blir det desverre krangel.

Ein smakebit frå galleriet.
I helga overnatta Hanne-Siri med meg, og laurdagen gjekk vi ein liten tur til den same staden, berre saman med den vesle Sheltie-kvalpen Jeger (frå kennel Ingivito). Det gjekk ganske bra. Jeger er fortsatt litt usikker i møte med andre hundar, men Tassen er flink med kvalpar, og tek det roleg. Hadde dessverre ikkje med kamera den turen.
Etter turen henta vi Lars, og så drog vi ein tur på leikerommet på union. Der leika vi oss litt (folk såg litt rart på oss, men det gjer ingenting), før vi drog på butikken og handla inn til filmkveld med heimelaga pizza. Så drog eg, Hanne-Siri og Inga heim til meg og sang litt SingStar, noko Tassen vart veldig glad for. Han elskar det når eg får venner på besøk!
Når klokka nærma seg sju drog vi opp til Lars og lagde pizza, såg Rocky og hadde det kjekt. Vi var seks stk, eg, HS, Inga, Lars, Lars Olav og Casey. Både Øyvind og Tone var på kvar si hytte den helga, men dei kan vere med ein annan gong.
I går drog først eg og mamma opp til besta som hadde bursdag, og der fekk hundane springe frå seg litt på plenen. Fy så stor Tikka har blitt!

Smakebit frå Galleriet.